Full fart i Ølmedal Rundt. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Full fart i Ølmedal Rundt. Foto: Irene Mæland Haraldsen

Mange trassa regnvêret.

Aldri før har så mange stilt på startsstreken for å springa Ølmedal Rundt andre pinsedag.

Heile 213 menn og kvinner konkurrerte om den beste tida, og først i mål vart Urige Buta frå Haugesund IL. Buta låg i tet frå start til mål, og kunne notera nok ein siger i det populære mosjonsløpet i Ølmedal med tida 20,46,78. Han var dermed godt unna sin eigen løypekord i den ca. 7 km lange løypa frå 2011 på 19,29.HIL-løpar Urige Buta raskast i herreklassen. Foto: IreneMæland Haraldsen

HIL-løpar Urige Buta raskast i herreklassen. Foto: IreneMæland Haraldsen

I klassen for kvinner gjekk sigeren til Kjersti Fresvik, Gular.

Over 90 ivrige born i klassen inntil 12 år sprang ei 500 meter lang løype og fekk stilla til start like bak eliteløparane. Sjølv om ikkje vêret viste seg frå si beste side, var det ikkje til hinder for dei over 460 deltakarane som tok seg turen runde Ølmedalsvatent i sitt eige tempo.

Med stort og smått var det i år rundt 760 deltakarar, litt færre enn i fjor, og eit godt stykke bak rekordåret 2004 då over 1.200 stilte til start.

Les meir om Ølmedal Rundt i torsdagens Grannar.