Det er mykje forskjellig på programmet i påsken i dei ulike bygdene. Kanskje kjem påskeharen og? Her frå Vikedal i 2022.
Arkiv
Fleire bygder med påskeaktivitetar
Dei største bygdene har tilbod som butikkar og serveringsstader. I Ølen, Skjold og Etne er det derfor lite ekstra som skjer utover kommersielle tilbod som elles alltid er der. Dei mindre bygdene har typisk meir spesiallaga tilbod for påskedagane.
Skånevik er vel bygda som mest naturleg har eit visst påskepreg og dermed ei auka befolking i påskedagane. Sesongopninga av badeanlegget trekk folk, og fleire stader som tilbyr mat og drikke. Vikedal og Vikebygd er òg i kategorien at det er ein del påskegjester.
For mange er kyrkjene viktige i påska, og her kan ein velja mellom vanlege gudstenester, såkalla pasjonsgudstenester, høgtidsgudstenester, og dessutan kan ein i Etne delta på ei påskenattmesse i Stødle kyrkje.