Glatte vegar

Dei klager nok med rette, dei som er redde for skuleborna som skal med buss […]

Publisert Sist oppdatert

Dei klager nok med rette, dei som er redde for skuleborna som skal med buss på speilholka. Sjåførane køyrer med høg puls vil me tru, og heldigvis har det gått bra så langt. Mange vil hevda at det er på høg tid Vegvesenet gjer andre prioriteringar på vegane utanfor stamvegane. Dei trengst å strøast og saltast når slike dagar oppstår. Her må det meir midlar til, og endringar i instruksar frå Statens vegvesen som graderer vegane. Men me føler likevel ikkje at me skal leggja skulda på dei som gjer arbeidet, dei har ein vanskeleg jobb når tilhøva var som det var. Plutseleg omslag frå regn og mildvêr til frost i løpet av nokre få timar gjer det heilt sikkert nesten umogeleg å klare og vera over alt til rett tid. Prioriteringane ligg på dei sterkast trafikkerte vegane naturleg nok. Så får me som ferdast på sidevegane ta dei forholdsreglane me har lært oss, køyra særs aktsamt og ha utstyret i orden, og syta for at dei som skal gjera strøjobben får melding om korleis tilhøva er. Skulle det vera så gale at me meiner det er uforsvarleg å køyra med bilen, får me heller melda frå til leiar på jobben, dei er best tente med levande uskadde arbeidarar.

På slike dagar er ikkje ein gang nye piggdekk godt nok. Det opplevde me langs med Skånevikstranda onsdag. Det var som å vera på skeiseisen med runde uslepne skeiser i dei fleste av svingane. Me passerte strøbilen som salta og strødde. Dei som skulle heim etter jobb fekk eit betre underlag å ferdast på etterkvart.

Powered by Labrador CMS