Grannar – medspelar eller?

På dei tre første sidene i vedlegget får me vita at det er vanskeleg å […]

På dei tre første sidene i vedlegget får me vita at det er vanskeleg å få jobb som nyutdanna journalist, men det kan koma vel med å kunna kinesisk. Det er få som utdannar seg til gullsmed (4 stk), men så er det ikkje mange ledige jobbar heller. Kanskje ikkje så mykje nyttig rettleiing for dei som unge er, så langt, men det er kjekt å lesa om tidlegare elevar. På dei neste sidene finn me ein presentasjon av tilbod ved Etne vidaregåande skule – flott. Lenger bak finn me ei oversikt over jobbmarknaden for ein del yrke, bra. Eg skal ikkje referera vidare. Men eg skjønar ikkje at ei avis som skal skriva om yrke og utdanning for å rettleia ungdomen i grannarregionen, praktisk talt unngår å nemna dei to største vidaregåande skulane, Lundeneset og Ølen vidaregåande skular. Det er heilt utruleg. Eg veit at næringslivet og dei vidaregåande skulane arbeider i lag for å styrkja regionen her, men det ser det ut som om Grannar er mest oppteken med å reklamera for dei institusjonane som ligg utanfor regionen. Når eg abonnerer på Grannar, gjer eg det ikkje først å fremst for å lesa dei store nyhetene, dei får eg frå andre og større aviser/media, men eg ser det som viktig å ha ei lokalavis for å styrkja regionen – og skapa ein identitet. Dei lokale vidaregåande skulane kjempar i ein knallhard konkurranse om elevane – det er så mykje spanande som dreg ungdomen til byen. Det er ofte berre ein elev meir eller mindre, som avgjer om eit undervisningstilbod blir oppretthalde eller nedlagt. Her skulle eg ynskja at Grannar ville vera ein medspelar og gjera sitt til å informera om alle tilbod som dei lokale skulane har å tilby. Viss Grannar synest det er viktig å styrkja regionen, må det koma til syne i avisa. Grannar vil vera avis både for Etne og Vindafjord. Sjølv om kontoret ligg i Etne, så ikkje oversjå skulane i Vindafjord kommune – det kan vekkja mistanke om at redaktøren ikkje ser utanfor eigen kommune.

Olaf A Hamre
Ølen