Jublar ikkje over oppgjeret

Kravet frå Noregs Bondelag var på 3,3 milliardar kroner. Det endelege jordbruksoppgjeret hamna på 1, […]

Publisert Sist oppdatert

Kravet frå Noregs Bondelag var på 3,3 milliardar kroner. Det endelege jordbruksoppgjeret hamna på 1, 9 milliardar.
— Eg synest tala seier sitt. Dette er me slett ikkje nøgd med. Det minste ville vore 2,5 milliardar, hadde me fått det, skulle eg ikkje sagt noko, seier Johannes Hustveit.
Sjølv driv han med mjølk, og leiger ein kvote på til saman 170.000 liter. Ut i frå jordbruksoppgjeret er det mjølkebønder og sauebønder som er dei største vinnarane. Over tre år vil inntektene i store delar av sauehaldet i snitt auke med 85.000 kroner per årsverk. I tillegg til å auka prisar og tilskot for storfekjøtprodusentane vesentleg, endrar også avtalen tilskotsregelverket for dei som driv kombinert mjølkeproduksjon og spesialisert storfekjøtproduksjon. Omlegginga aleine aukar innteninga med inntil 70.000 kroner per bruk», heiter det i avtalen.

Usikker før avstemminga
— Dersom det er nokon som kan kalla seg vinnarar, så er det dei som driv med mjølk og sau. Sauebøndene treng det mest, men det er mjølkebøndene som kom best ut av det, seier Johannes Hustveit.
3. juni skal bøndene avgjere i ei uravstemming om dei godtek årets jordbruksoppgjer. Hustveit er langt frå sikker på kva han skal stemma.
— Me ska få ein del informasjon frå organisasjonen under Kjøttfestivalen i Ølen komande helg. Eg kjem ikkje til å bestemma meg før eg har høyrt kva dei har å seia, og rådført meg med ein økonom og to. Rogaland Bondelag oppmodar oss om å stemma ja, men eg er langt frå overbevist, seier Johannes Hustveit.

Usikker på framtida
Ekteparet trivst som bønder, men veit ikkje om dei vil driva med mjølk i framtida.
— Inntektene me har frå garden, er berre nok til å halda garden i drift. Me har ikkje noko overskot til privathushaldet. Me er avhengige av å ha ei full stilling utanom for å endane til å møtas økonomisk, seier Evelyn Rabben Hustveit, som jobbar på Langeland bakeri i Skjold.
Johannes Hustveit er sesongarbeidar på Nortura i Sandeid utanom gardsdrifta.
— Eg ser ikkje så veldig lyst på framtida. Det spørst om eg ikkje må leggja ned mjølkeproduksjonen, og gå over til ein annan og betre betalt jobb. Heldigvis er det ikkje så vanskeleg å finna anna arbeid no til dags. Same kva som skjer, har eg lyst å halda garden ved like. Det kan vera eit alternativ å driva med sau, ikkje for pengane sin del, men på grunn av trivsel og vedlikehald av garden. Sauehald er ikkje så tidkrevjande, og går an å kombinera med ein annan jobb, seier Johannes Hustveit.
Ekteparet er langt i frå dei einaste som treng ei ekstra inntekt utanom garden for å få det til å gå rundt.
— Me talte over alle dei 50-60 gardane i Skjold, og kom fram til at det berre er to gardar kor både kone og mann lever utelukkande av garden. Eg trur ikkje det er meir enn fem bønder i Skjold som er gardbrukar på heiltid, og det seier litt om situasjonen, seier Johannes Hustveit.

Fryktar krise
— Fjorårets oppgjer var så elendig at det spørst om staten klarar å ta seg inn att. Ein kan ikkje lenger importera så mykje kjøt ein vil frå utlandet. Eg fryktar at det må ei skikkeleg matkrise til før staten innser alvoret. Problemet er at dersom dei slepp denne negative trenden for langt, vil dei få store problem med å få landbruket opp å gå igjen. Samfunnet satsar ikkje på dei yrkesgruppene som me verkeleg har bruk for, som lærarar, sjukepleiarar og bønder. Problemet er at sjølv om det er prisauke på produkta våre, kjem ikkje det bøndene til gode. Mellomledda, dei store kjedene, sit med altfor mykje makt, og stikk av med den største gevinsten, seier Johannes Hustveit.
— Staten sparar seg til fant. For å få landbruket opp att, må dei på eit eller anna tidspunkt pøsa ut med millionvis, seier Evelyn Rabben Hustveit.

Powered by Labrador CMS