Politiet kan gjere meir
Det er så langt det går an å få oversikt over, enkeltståande tilfelle som skapar […]
Det er så langt det går an å få oversikt over, enkeltståande tilfelle som skapar så stor frustrasjon blant foreldre at det fører til reaksjonar som munnar ut i trugsmål om borgarvern.Ølen har i fleire år vore trekkplaster for narkotikamiljøet, og det er meir stabilt over tid enn i andre bygder i distriktet. Difor er det all grunn for politiet å rette ein ekstra innsats for å hindre at narkotikamiljøet får endå større fotfeste.
Det er skremmande dersom langarar og miljøet drar til seg mindreårige. Unge som blir fanga i narkotikahelvetet, er ein tragedie, og ofte også øydelagde liv. Det er ein vanskeleg situasjon for pårørande å vere vitne til, men borgarvern og sjølvjustis kan ikkje vere svaret på det.Difor er det viktig at politiet både får vite om miljøet, og har ein målretta innsats for å halde det i sjakk. Risikoen for å bli tatt for bruk og omsetning av narkotika bør vere så stor som mogleg.
Politiet er avhengig av å få tips og informasjon, men publikum må også få informasjon tilbake om at det resulterer i etterforsking og påtale. Her er politiet for forsiktig med å sleppe informasjon ut i media når etterforskinga har gitt resultat.Fersk statistikk viser at 90 prosent av desse etterforska brotsverka gir resultat i form av oppklaring, og i dei fleste tilfella ein straffereaksjon. Det viser at narkotika er eit område det ikkje er fånyttes for politiet å bruke krefter på.Talet på registerte narkotikabrotsverk gjekk kraftig ned i Etne og Vindafjord i fjor. Men det fortel berre halve sanninga fordi statistikken like mykje er eit mål på innsatsen til politiet på dette området.I den samanheng kan ein stille spørsmål om omfattande overvaking av biltrafikken gir resultat som samsvarar med innsatsen.