Tullebukkar som treng krykke

Men det er langt meir til denne trua. Eg kan skjøne at mirakelhistoriar ikkje alltid […]

Men det er langt meir til denne trua. Eg kan skjøne at mirakelhistoriar ikkje alltid vert motteke som truverdig (sjølv om dei finn stad, store som små), difor ynskjer eg å ta ein anna veg – vitskapen.
Eg trur ikkje eg veit om ein religion, som det heiter på fagspråket, som har vorte meir forska på enn kristendomen. Mange skeptikerar har gått ut for å motbevise kristendomen, men har endt opp med å verta konverterte sjølv – ofte sidan det dei trudde var feil, syna seg å vere rett likevel.
Vitskapen sitt beste våpen, evolusjonen, er i grunnen ikkje stort meir enn ein kniv i forhold til kristendomen sitt sverd. Det er langt meir som indikerer på at jorda er 6000 år gamal, at det har vore ein verdsomspennande flaum osv. T.d. verdens eldste tre, verdens styrste ørken og korallrev er alle yngre enn 4400 år (som var då flaumen tok stad, noko som er høgst sannsynleg iom. at dei fann Noahs ark)
Dette er berre ein tankevekkar og ein smakebit, dersom du tek til deg dette, ver venleg å kikk innom http://www.drdino.com og http://www.bibelarkeologi.no. Dersom du ikkje orkar det, men ynskjer å vete meir, send gjerne mail til magnar_sol48@hotmail.com. Eg er ikkje ein professor, men kan i det minste hjelpe eit steg og to fram.

Magnar Solheim