Innbrot i Etne og Vikebygd
I Etne fekk politiet tysdag melding om innbrot i ei hytte i Stordalen. Det er […]
I Etne fekk politiet tysdag melding om innbrot i ei hytte i Stordalen. Det er førebels ikkje kjent for politiet kva som er stole.
Om ettermiddagen same dag fekk Haugaland og Sunnhordland politidistrikt melding om grovt tjuveri ved innbrot i hytte på Espeholmen i Malasetvatnet i Vikebygd i Vindafjord. Det er ikkje kjent når forholdet eksakt fann stad, men det er grunn til å tru at det har skjedd i løpet av dei to siste veker.
— Ukjente gjerningsmenn skal ha tatt seg inn i hytta ved å knusa eit vindauge, og stole sjokolade og fiskeutstyr. Hytta ligg slik til at ein må bruka båt eller koma seg ut på holmen på annan måte, opplyser politiet.