Julegrana mørklagt
Den opplyste julegrana fekk berre står i fred eit døger. Natt til søndag blei juletrelysa […]
Den opplyste julegrana fekk berre står i fred eit døger. Natt til søndag blei juletrelysa røska av og rivne i fleire delar. Lysa er heilt øydelagde, og leiar Kristin Hagland i drifts- og vedlikehaldsavdelinga i Etne kommune fortvilar.
— Det er jo trist når ein prøver å skapa litt julestemning, og slikt som dette skjer. Nå lar me julegrana stå utan lys nokre dagar, så folk får leggja merke til det, seier Hagland.
Ho seier det har vore ein del herjing i sentrum sidan i sommar. Blomsterurner er flytta på, bord, benker og blomsterkassar blir velta. Til og med boksane for kinoplakatar er blitt flytta på. Det går både tid og pengar med på å ordna opp att etter dette, for både dugnadsfolk, sentrumsforeininga, og drifts- og vedlikehaldsavdelinga i kommunen, seier Hagland.
Dei som står bak juletre-hærverket har truleg lagt litt energi i øydeleggingane, då leidningane til juletrelysa er rivne i fleire delar.
— Nå håpar eg folk kan vera merksame på dette, og sjå etter dersom nokon skulle vera på ferde igjen, oppmodar Hagland.