Netcom er nede

Netcom har hatt problem med mobilnettet sitt i Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. Problema er lokaliserte […]

Netcom har hatt problem med mobilnettet sitt i Hordaland, Rogaland og Vest-Agder. Problema er lokaliserte i ein sentral i Stavanger, og det skal vera fleire folk på staden som arbeider med å løysa problema.

Ettersom trafikken på mobilnettet stabiliserte seg, og anlegget i Stavanger blei restarta, fekk fleire og fleire Netcom-kundar summetonen tilbake frå klokka 15.50.

Netcom skal føreta fleire kontrollar av sendarar i området som blei ramma. Talpersonar frå Netcom trur ikkje det vil ta lang tid før nettet fungerer som normalt att.