Pågripne for narkotika
Politiet pågreip seint tysdag kveld to menn i Øensområdet. Dei to, ein kar i 50-årsalderen og ein i 30-åra, er plasserte i arrest etter at det blei funne ulovlege tablettar og narkotika i tilknyting til dei.
— Vindafjord lensmannskontor held fram etterforskinga i dag, opplyser
Annonse
operasjonsleiar Reidar Gaupås ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.