Samen finn dei styrke til å takla den vanskelege vegen tilbake til livet.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Samhald som medisin
Bli med på møte saman med Anonyme Narkomane.
Éin gong i veka kjem dei saman for å støtta kvarandre og for å bli minna på ei fortid ingen vil tilbake til. Møta i Anonyme Narkomane (NA) er som medisin for dei som har tatt steget mot ein rusfri kvardag.
Ein etter ein kjem dei inn dørene på det faste møtelokalet i Ølen. Somme er nye. Andre har vore her før. Alle ber dei med seg godt humør og ei gryande livsvilje. Få ber preg av eit liv der målet med å stå opp på morgonen var å skaffa seg eit rusmiddel, enten det kom i form av pillar, alkohol, eller tunge narkotiske stoff.
— Hei. Eg heiter Ola», og eg er rusavhengig, seier ein av dei frammøtte.