Ekteparet Siri og Geir Nonslid sørgjer for at folk i Skjold får eit tilbod som gjer at dei ikkje må køyra den lange vegen til Aksdal i Tysvær kommune for å henta postpakkar.
Arkivfoto: Liv Astrid H. Hesjedal
Sikra postpakken i bygda
Desse kan takkast for at Posten likevel ikkje forsvann heilt ut av Skjold.
Ved Esso stasjonen i Skjold vil det snart bli høve til å henta postpakkar sjølv om Post-i-butikk tilbodet er lagt ned. Dermed slepp bygdefolket å dra til nabokommunen.
Post-i-butikk tenesta ved Coop butikken i Skjold er historie. Men som eit lite plaster på såret kan bygdefolket gleda seg over at pakkar og ferdigfrankerte sendingar snart kan ekspederast på bensinstasjonen.
— Me skal starta opp så snart som mogeleg. Det manglar berre litt tekniske hjelpemidlar, seier eigaren av Esso bensinstasjon, Geir Idar Nonslid som har tatt på seg oppgåva med å ekspedera pakkar og ferdigfrankerte sendingar for bygdefolket.