Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Feiar Kariann Eide trivst godt i jobben som feiar. Ho er opptatt av brannsikkerhet og gir gode råd om rett fyring. Foto: Irene Mæland Haraldsen
Feiar Kariann Eide trivst godt i jobben som feiar. Ho er opptatt av brannsikkerhet og gir gode råd om rett fyring.

Sesong for nye brannfeller

Publisert Sist oppdatert

I fjor vart det registrert like i underkant av 4.500 bygningsbrannar her til lands. Mange av desse kunne vore unngått dersom folk hadde vist sunt brannvett, meiner feiar Kariann Eide.

Open eld og elektrisitet utgjer størsteparten av dei registrerte brannårsakene. Teknisk feil og feil bruk av elektriske anlegg står for rundt 45 prosent av etterforska brannar, medan open eld utgjer ein fjerdepart av alle bygningsbrannar. No når det går mot jul er faren ekstra stor. Med fyr på peisen og brennande stearinlys på bordet kan uhellet vera ute.

— Me ser at bruk av stearinlys er ei stor kjelde til brann, og då særleg i desse juletider. Dessutan startar mange brannar når folk nå skal bruka smult i matlaginga, fortel Kariann Eide som er fersk i det lokale brannvesenet.

Powered by Labrador CMS