God start på sesongen for Lars Granberg som også er han første som profesjonell utøvar. Pressefoto
Lovande start på proffsesong
Terrengsyklist Lars Granberg kjørte inn til sin første internasjonale pallplass.
Den klatresterke syklisten frå Ølen er inne i sin aller første sesong som profesjonell utøvar etter å ha fått kontrakt på tampen av fjoråret. Det blei nesten storeslem til Team iHus pp Lanzarote, som han representerte for høvet. Danske Søren Nissen tok tre av fire etappesigrar og samanlagtsigeren, samt at det blei lagsigrar til teamet. Og altså pallplass til lagets Lanzarote-fersking, Lars Granberg på sisteetappen, melder terrengsykkel.no.
Sjølv om Granberg synest rittet gjekk lovleg tidleg på sesongen for hans program, var ikkje resultata hans preg av det. Status er tre fjerdeplassar dei første tre etappane og pallplass siste dag, noko han er godt fornøgd med.
— Høgdepunktet er heilt klart Søren Nilsen sin siger, og at iHus var representert på pallen i alle etappar. Så me er fornøgde, seier Granberg til terrengsykkel.no etter siste dag.