Skadeomfanget etter uvêret Nina» aukar framleis. Forsikringsselskapa har så langt fått inn over 10.000naturskadar. Arkivfoto
Skadeomfanget etter uvêret Nina» aukar framleis. Forsikringsselskapa har så langt fått inn over 10.000naturskadar. Arkivfoto

Nina» slo godt om seg

Skadetala er i ferd med å passera 600 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

Både Etne og Vindafjord er å finna på lista over kommunar som har fått dei største skadane etter uvêret.

Seks veker etter ekstremvêret viser forsikringstala stigande summar. Stormen røska godt i både Etne og Vindafjord. Talet på skadar rapportert inn til forsikringselskapet Gjensidige set dei to kommunane på topp ti lista over hardast råka kommunar i landet, og så langt er erstatningssummen komen opp i over 15 millionar kroner berre for dette eine forsikringselskapet.

— Etne og Vindafjord er blant dei kommunane som kjem verst ut når det gjeld skadar meldt til oss. Bergen, Os og Kvinnherad toppar i skadeomfang, medan Vindafjord kjem som nummer fire. I Etne er det meldt om rundt 80 skadar, og i Vindafjord rundt 130 skadar til nå, fortel informasjonssjef i Gjensidige forsikring, Arne Voll.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS