Skjoldavik er ein av vegane i Skjold som er føreslått ny fartsgrense på 30 km/t. Butikken er lagt ned.
30 km/t for interntrafikk
Interne vegar i Skjold får låg fart fordi det er venta endra trafikkmønster.
Når ny E134 i Skjold blir opna, er det venta at gamlevegen gjennom Skjoldavik får auke i trafikken. I dag brukar bilistane i stor grad E134 til å flytte seg internt i Skjold, men når ny E134 står ferdig, blir det meir tidkrevjande og tungvint. Årsaka er at ein må bruke toplankrysset i aust for å kome seg av og på ny E134. Det blir difor ei ekstra sløyfe å køyre.
Utval for drift og utvikling i Vindafjord får ei sak å bordet om å redusere farten til 30 km/t på heile Skjoldavikvegen, på fylkesveg 734 frå E134 ved banken og gjennom krysset mot Skjoldavikvegen og opp til Isvikvegen. Det blir vurdert til å vere eit uryddig trafikkbilde på fylkesvegen i Isvik.
I dag er det slike fartsgrenser i området som truleg blir redusert til 30 km/t.