Kokk Liv Sakseid har sytt for å metta svoltne elevar ved Lundeneset skule i nesten 47 år.
FOTO: IRENE MÆLAND HARALDSEN
47 år i same jobb
I nesten heile si yrkeskarriere har ho sytt for at ungdommane ved Lundeneset Videregående skule har fått mat på bordet, men nå etter 47 år er Liv Sakseid klar for rolegare dagar.
— Det blir litt løye å få masse fri, men eg skal nok finna på noko, seier Liv Sakseid og rører i middagsgryta som skal metta 182 svoltne skuleelevar når skuledagen er over.
— Men det blir litt rart å koka berre til meg sjølv, seier ho å smiler. Dagens arbeidsøkt går mot slutten. Det same gjer ei lang yrkeskarriere som kokk på Lundeneset. I mai seier ho takk for seg etter nesten 47 år på same arbeidsplass. Det gjer ho med blanda kjensler.
— Eg kjem til å sakna alle dei kjekke ungdommane. Dei har betydd mykje for meg sidan eg ikkje har barn sjølv. Dei er alle litt som mine. Eg kjem til å sakna at det alltid er nokon rundt meg, seier ho ettertenksamt.