SK Vats har markert seg i lokalfotballen i tre tiår. Her er laget til Vats 94/Skjoldar som rykte opp frå 5. divisjon i 2013. Bak f.v: Trygve Meland, Einar Myrhe, Tore Berakvam, Øystein Eide, Joachim Aasbø Frøland, Kristian Aass. Frammar f.v: Morten Frøland, Svein Haldor Skare, Claus Haraldseid, Bernt Olav Nådland, Vegard Håkull og Kjetil Ohm.
Arkivfoto: Sirianne Vikestad
Får tøffe motstandarar
Vats 94/Skjoldar er klare for avspark i 4.divisjon og trass i fleire skadar blant spelarane, har oppkøyringa vore god. Trenar Bengt Førland ventar seg meir trøkk og høgare tempo i kommande sesong.
Fotballsesongen er rett rundt hjørnet, og spelarane på dei forskjellige laga får knapt nok tørka seg rundt munnen etter påskelammet før fotballdrakta skal trekkjast nedover øyrene.
For første gong på mange år er fire A-lag frå grannardistriktet representerte i både 4.- og 5.divisjon. I år er det Vats 94/Skjoldar (VSK) som får prøva seg i 4.divisjon.
— Me er veldig klare for denne divisjonen, og trass i mykje skadar blant fleire nøkkelspelarar i oppkøyringa, som igjen har ført til lite relasjonsbygging, har me hatt ein god del solskinsprestasjonar den siste tida. Me har hatt fleire treningskampar med lag frå både 3.- og 4.divisjon, og sjølv om me har matcha oss ganske tøft, har laget klart seg bra, seier VSK-trenar, Bengt Førland.