Kenneth Johansen frå Ølen er klar for ein ny sesong, og stiller til sesongstart i Vestlandsmesterskapet i rallycross på Vikedal Motorbane til helga.
Arkivfoto: Holtenmedia
Nye fartsrundar i Vikedal
Til helga opnar ein ny sesong med fart og spenning på motorbanen i Vikedal. Då står det både rallycross, bilcross og crosscart på køyreplanen.
Første runde av Vestlandsmesterskapet i rallycross markerer sesongstart for Vikedal Motorbane til helga og blir det første i ei rekkje arrangement signert NMK Vikedal dette året. Til Vestlandsmesterskap er det venta i overkant av 80 deltakarar, og både til bilcross junior og senior blir det rundt 30 deltakarar. I crosskart er tre lokale førarar påmelde.
Seinare i sommar ventar eit nytt storarrangement. Då skal landsfinalen i bilcross junior samla førarar frå heile landet til fartsfylt dyst.
— Dette er eit stort arrangement, og me håpar på ein god del bilar til NM-finalen junior første helga i august, seier leiaren for motorarrangementa, Johannes Holten Leifsen.