Ein stolt Per Øyvind Valen med den superraske elektriske raserbilen han har vore med og bygd.
Foto: Revolve NTNU
Studentar bak superrask elbil
Per Øyvind Valen har bytta ut o-kartet og joggeskoa med bygging av superraske bilar. NTNU-studenten er klar for konkurranse på sjølvaste Silverstone.
21-åringen frå Vikebygd er kjent for mange sterke prestasjonar i orientering og som innehavar av bestetida i Skjold på tvers». Nå studerer han i Trondheim og er éin av 50 studentar i Revolve NTNU som har jobba dag og natt i åtte månader for å designa og bygga sin eigen elektriske racerbil.
I desse dagar kan dei endeleg visa fram resultatet av fartsfantomen, som har fått namnet Vilje. Til sommaren skal dei konkurrera på legendariske Silverstone i Formula Student.
— Elbilen vår brukar 2,8 sekunder på 0-100 kilometer i timen – raskare enn Tesla sin toppmodell, fortel Per Øyvind Valen.