Rune Torstenbø (delvis skjult) sender ballen i krysset bak Etne-keeper Knut Arvid Frøland.
Foto: Magne Skålnes
Ølen overlegne i lokaloppgjer
Etne knust på eige gras.
Ølen viste seg som eit topplag og stoppa ikkje før det stod 6-0 i det klassiske nabooppgjeret mot Etne laurdag ettermiddag. Det var aldri tvil om kor sigeren skulle gå. Etne har gått frå tap til tap i dei siste serierundane og treng ein pause for å finna attende vinnarsporet.
Etne ligg på 8. plass berre tre poeng over Kopervik 2 og Skånevik som ligg på nedrykksplass. Ølen tar ferie på 2. plass, á poeng med Sauda og fire poeng etter leiande Stegaberg.