Anita Øvregård (framme t.v) og Kari Synnøve Velde Haugen ser fram til å ta i mot brukarar med byrjande demens til gardane sine, ein fast dag i veka. Med i teamet for prosjektet er også Brit Sævareid Tokheim (bak f.v), Marie Ekornrud, Halldis Nedrelid og Elisabeth Kallevik Nesheim. Foto: Grethe Hopland Ravn
Anita Øvregård (framme t.v) og Kari Synnøve Velde Haugen ser fram til å ta i mot brukarar med byrjande demens til gardane sine, ein fast dag i veka. Med i teamet for prosjektet er også Brit Sævareid Tokheim (bak f.v), Marie Ekornrud, Halldis Nedrelid og Elisabeth Kallevik Nesheim.

Gardstilbod til tidleg demente

I neste veke opnar to bønder opp gardane sine i Skjold og Imsland for å gi heimebuande demente eit dagtilbod ein dag i veka. Dette er det første Inn på tunet-tilbodet til denne brukargruppa i heile fylket.

Publisert Sist oppdatert

21Tysdag og onsdag er det oppstart på eit heilt nytt prosjekt på gardane til Anita Øvregård i Imsland og Kari Synnøve Velde Haugen i Skjold. Då tar dei i mot kvar si gruppe av brukarar som éin gong kvar veke skal få tilbringa fem timar på garden til ein av gardbrukarane. Her skal dei få vera saman med dyra, vera med å laga mat, kanskje også vera med å utføra nokre av gardsoppgåvene i løpet av dagen. Kva det blir til, kjem an på brukargruppa som kjem.

— Dette er eit Inn på tunet-tilbod som har blitt svært populært i andre fylke for heimebuande demente eller brukarar med kognitiv svikt, seier Halldis Nedrelid som er stabsrådgjevar i helse- og omsorgssektoren i Vindafjord kommune.

Kari Synnøve Velde Haugen legg til at erfaringar har vist at slike Inn på tunet-tilbod kan medverka til å utsetja institusjonsinnlegging for brukarane, og samtidig vera ei avlastning for dei pårørande.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS