Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (t.v.) blir truleg Etnes første kvinnelege ordførar. Men onsdag morgon var ein ikkje i mål med drøftingane. Avtroppande ordførar og partikollega Sigve Sørheim deltek i drøftingane. FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (t.v.) blir truleg Etnes første kvinnelege ordførar. Men onsdag morgon var ein ikkje i mål med drøftingane. Avtroppande ordførar og partikollega Sigve Sørheim deltek i drøftingane.

Ingenting avklart i Etne

Senterpartiet var størst ved kommunevalet. Men onsdag formiddag er det framleis ikkje klart kven som til slutt får makta i kommunestyret.

Publisert Sist oppdatert

Mykje skal skje om ikkje Senterpartiets Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim blir ny ordførar. Men onsdag formiddag pågår det framleis drøftingar med potensielle samarbeidspartnarar.

— Det pågår samtaler i fleire retningar. Det er det eg kan seie no, sa avtroppande ordførar Sigve Sørheim til Grannar like før klokka 10 onsdag. Han var då sjølv på veg til Bergen. Men han seier samtalane pågår trass i hans reise.

Ein av Ap sine forhandlarar, Tollef Rullestad, bekrefta også onsdag at ingenting er avklart. Han var for eigen del løyst frå vervet grunna feriereise, men bekrefta at ein ikkje var i mål med noko då drøftingane tok pause natt til onsdag.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS