Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Hobbybakar i tv-ruta

Publisert Sist oppdatert

Det er trygge og vante hender som med hjelp av ei kjevle, forvandlar ein kvit marsipanklump til eit marsipanlokk på rekordtid. Det går som ein leik, og det finst ikkje tendensar til at litt av marsipanen heng fast i benkeplata. Dette har ho gjort før. Mange gonger. Rannveig Mørk frå Vikedal har ikkje lenger tal på kor mange kaker ho har baka, både til seg sjølv og andre.

— Eg har alltid likt godt å vera med på kjøkenet. Då eg var lita likte eg godt å hjelpa til, anten det var rullekaker eller salatar som blei laga. Først etter at eg fylte 18 og flytte for meg sjølv, har interessa for baking blomstra opp. Det er kjekt å kunne bruka fantasien, læra nye ting og nye kreasjonar, seier 25-åringen.

Mellom hendene hennar veks det fram ei nydeleg kake. Kakebotnen og kremen er av sjokolade, og marsipanlokket er vanleg marsipan som ho har farga heilt kvit med konditorfarge. På toppen av kaka plasserer ho sjølvkomponerte roser og mange små blomar i to forskjellige lillafargar. Kanten nede får ei bord og små perler blir limt fast med smelta gelantin som ho penslar på. Det heile ser utsøkt ut og ein blir brått ganske så søtsjuk.

Powered by Labrador CMS