Jostein Apeland har mange års erfaring med både vaksen- og barneteater. Snart er han og ensemblet hans klar med dansk komedie i Sandeid. Arkivfoto
Jostein Apeland har mange års erfaring med både vaksen- og barneteater. Snart er han og ensemblet hans klar med dansk komedie i Sandeid. Arkivfoto
Det blir ny revy i Etne. Her frå revyen Flåga på veggen» med Tina Barane og Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik på tur til fjells.Arkivfoto
Det blir ny revy i Etne. Her frå revyen Flåga på veggen» med Tina Barane og Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik på tur til fjells.Arkivfoto

På den kulturelle plakaten

Det står ikkje på tilboda på den kulturelle fronten i dei forskjellige storstovene» i grannardistriktet. Mellom anna diskar Jostein Apeland og Co. opp med ny revy i Sandeid.

Publisert Sist oppdatert

Det blir ikkje vår i Sandeid før Jostein Apeland har hatt regien for diverse krumspring på scenen i samfunnshuset, og i år går han for ein dansk forviklingskomedie.

— Det er ein frisk og frekk komedie som har fått namnet Fest på samfunnshuset», fortel Apeland og legg til at det for første gongen på lenge blir ein rein revy utan musikk.

Stykket handlar om eit brudepar som skal feira bryllaup, men brudgommen blir forsinka til sin eigen bryllaupsfest. Ein som derimot kjem, er ein annan brudgom som har gått feil i sitt eige bryllaup og midt i alle forviklingar oppstår det sjølvsagt amore. Apeland kan røpa at det er ein skikkeleg fartskomedie med eit ensemble på ti personar som skal framførast tre gonger i Sandeid og ein gong på Sand.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS