Ein innsats for fattige
Andrea Eike og Hanna Gundersen samla på eige initiativ inn heile 98 sekkar med klede til fattige i Ukraina.
Dei to fjortenåringane frå Vats installerte seg i gymsalen på Vats skule fredag ettermiddag for å ta i mot brukte klede, sko, sengetøy og leiker.
— Me har eit valgfag på skulen som heiter innsats for andre», som går ut på å gjera noko for andre. Me har til dømes vore på besøk på sjukeheimen og spela spel med dei gamle, og på besøk i barnehagen, fortel dei to 9.klassingane som går på Skjold skule.
Då dei fekk ei valfri oppgåve i faget, visste dei med ein gong kva dei ville gjera.