Etne sin største gard har ikkje vore i vanleg drift på mange år. Men no går det mot ei løysing i form av sal.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Nå skal garden seljast
Heile styret i den kommunale stiftinga Vestnorsk senter for bygdeutvikling (VSBU) vart skifta ut tysdag. Det nye styret har fått eit klart oppdrag frå politikarane som har valt dem: — Tesdal-garden skal seljast.
Dermed ser det ut til at den mangeårige sagaen rundt ein av dei største gardane i Hordaland, prega av konfliktar, rettssakar og skyhøge advokatutgifter, no går mot ein ende.
— Det er stiftinga sjølv som formelt sett har full råderett over stiftinga sitt indre liv. Men alle som er vald inn veit at eit samla formannskap ønskjer at garden skal bli selt, slik at det kan bli ny aktivitet på Etne sin største gard, seier ordførar Siri Klokkerstuen (Ap).
Det nye styret som tysdag vart vald av formannskapet, som fungerer som næringsstyre i Etne, er Leif Grindheim, Arne Håheim, Haldor Gravelseter, Kristoffer Tjelle og Peder Helge Kvammen. Vararepresentantar er Roger Nilsen, Reidar Berge og Ivan Kaldheim.