Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Dette var ikkje mål, meinte dommaren

Publisert Sist oppdatert

Laga hadde følt kvarandre på tennene gjennom heile kampen. Begge laga hadde hatt sine sjansar og halvsjansar, men hadde ikkje klart å finne nettmaskene. Så eksploderar kampen dei siste minutta, etter at Skudenes tar leiinga i det 85. minutt. Kapteinen og stopparen Thomas Risdal set inn ein retur etter frispark.

Dette utløyser eit stormløp mot Skudenes-målet dei siste minutta, noko som resulterer i at ein Skudenes-forsvarar sleivsparkar ballen mot eige mål. Ballen tek turen opp i stolpen, før den går inn i vinkel-bøylen og sprett omlag ein halvmeter inn i målet før den sprett ut på banen igjen. Heimelaget jublar for utlikning, men dommaren, Svein Hegland, ville det annleis og rista på hovudet.

Vats94/Skjoldar-spelarane var i harnisk etter kampen, men ingenting kunne få dommaren til å omgjera avgjerda.

Powered by Labrador CMS