Dette bildet knipsa Johanne Rafdal Lauritsen av elgkalven på Kambe laurdag kveld.
FOTO: PRIVAT
Sjeldan gjest på besøk
Laurdag kveld var Albert Rafdal på veg heim frå Etnecup då dottera, Johanne Rafdal Lauritsen, plutseleg ropte sjå der!». Og der», i dette tilfellet, var om lag 50 meter frå bustadfeltet på Kambe, rett nordaust for Etne sentrum, og 25 meter frå bilen dei sat i.
— Det tok minst fem sekund frå hjernen oppfatta kva eg faktisk hadde fått på netthinna, ler Rafdal.
Han rekna først med at det var ein hjort eller ein rev dottera hadde sett, noko som Rafdal meiner ville vore eit kjekt syn i seg sjølv.