Advokat Åshild Fløisand (t.v.), rådmann Pål Nygård og juridisk rådgjevar Tonje Sagvaag i Etne kommune var blant aktørane i Haugaland tingrett.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Full siger til kommunen
Kruse Smith Entreprenør AS tapte saka mot Etne kommune i konflikten rundt anbodsprosessen for omsorgssenteret.
Kruse Smith AS fekk ikkje medhald i Haugaland tingrett i sitt krav mot Etne kommune, om eit førebels forbod mot å skrive kontrakt med AF Gruppen, som kommunen har kåra som vinnar av anbodskonkurransen om totalentreprise for Etne omsorgssenter. Det kjem fram i kjennelsen som vart avsagt torsdag.
Då saka gjekk for tingretten måndag og tysdag i førige veke la entreprenøren sin advokat, Reidar Smedsvig, stor vekt på at kommunen sin rådgjevar, Procon AS hadde Kruse Smith som vinnar av konkurransen. Og dei meinte kommunen skal ha vekta feil, mellom anna på kompetanse hos nøkkelpersonell, då dei forkasta Proton si innstilling. Kruse Smith meinte derfor at kommunen måtte foreta ei ny evaluering, og i ytste konsekvens gjennomføre ny anbodskonkurranse.
— Fagleg usemje