Av Torstein Nymoen og Arne Frøkedal
Tove Schou var på samfunnshuset for å røyste då Grannar var innom i 13-tida.
— Det er hemmeleg val, så eg vil ikkje seie kva eg har stemt. Men generelt er det mykje sentralisering i regionen for tida, og det er eg skeptisk til, seier Tove Schou etter å ha lagt sin konvolutt i urna i Sandeid samfunnshus.
Harald Olav Stuhaug i valstyret anslår at om lag 70-80 personar hadde var innom i 13-tida. Det er venta at det aukar på med røystarar etter kvart som folk er ferdig på jobb.
Røystelokala er opne fram til klokka 20.
Det er venta at resultatet er klart ein gong etter klokka 22 måndag kveld.
Nei-land
Fleire Grannar prata med i Skjold tidleg på valdagen, hadde røysta nei. Blant desse var Elin Kristiansen.
— Eg trur det er fleire imot enn for denne kommunesamanslåinga her i bygda. Sjølv bestemte eg meg i dag og landa på nei, seier ho.
Også tidlegare politikar Terje Kleiven (H) var innom gav si røyst i 12-tida.
— Eg trur det er mange i Skjold som er skeptiske til dette. Personleg er eg ikkje i tvil om dette er ei dårleg samanslåing for Vindafjord, blant anna fordi dei to kommunane er svært ulike økonomisk sett og at det bli høgare eigedomsskatt på oss. Eg er også motstandar fordi denne type kommunesamanslåing er for puslete i forhold det som var meininga om skapa robuste kommunar, seier Kleiven.
Endre Stople, leiar i røystestyret i Skjold fortel om jamt sig av folk sidan vallokalet opna kl 09.00, tre timar før det som er vanleg ved val. Han reknar med å ha unngjort grovteljing før kl 21.00 i kveld.
Oppteken av samarbeid
I røystelokalet på Skakkesenteret i Etne traff med Marit Steine og fekk ein prat etter at ho hadde røysta.
— Eg har budd i Etne heile mitt liv, og håper å halde fram med det.
— Så då har du stemt?….
— Nei, det treng eg ikkje å fortelja, smiler ho.
— Kva betyr mest for deg i denne saka?
— Eg er mest opptatt av at kommunane kan samarbeide godt, og det gjer dei no allereie, meiner ho.
— Kva med namnet, om det skulle bli ein ny kommune?
— Det er ikkje viktig, seier ho.