Ordførar Siri Klokkerstuen er svært nøgd med at E134 skal få gul stripe mellom Etne og Ølen, men ho meiner Mørkelikrysset må kome i gang så snart som mogleg.Arkivfoto
Seier nei til samanslåing
Etne-ordførar Siri Klokkerstuen slepper katta ut av sekken i spørsmålet om ekteskap med Vindafjord: — Det har ikkje vore eit enkelt svar å gi, og eg har landa på nei.
Det er også eit svar Etne Arbeidarparti har bestemt seg for, samstemt på alle nivå i partiet.
Dermed er det ein ordførar som seier nei og ein som går for ja før intensjonsavtalen mellom Etne og Vindafjord blir avgjort ved folkerøysting den 26. september.
Det er snart tre veker sidan Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) avslørte standpunktet sitt, medan kollegaen i Etne ikkje har vore klar før no med å gå offentleg med standpunktet sitt.