Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Ingen ting tyder på at Etne vgs vil bestå som ein sjølvstendig skule når skulebruksplanen i Hordaland er politisk behandla.
Dei tilsette ved Etne vgs føler seg dårleg behandla av arbeidsgjevaren Hordaland fylkeskommune etter vedtaket om å legga ned skulen.Arkivfoto

Uavklart om skulebruksplan

Publisert Sist oppdatert

Fleirtalet i utvalet, som er samansett av Raudt, Miljøpartiet dei Grøne, Framstegspartiet, Venstre, Høgre og SV, gjekk inn for det som i saksdokumenta er omtala som alternativ 0. Fleirtalskonstellasjonen presiserer at dette ikkje kan sjåast på som eit fullstendig forslag. Fram mot fylkesutvalet i september vil dei gjera nødvendige justeringar med ein tydeleg distriktsprofil innanfor forsvarlege økonomiske rammer.

Skulepolitisk talsperson i Høgre, Christer Lilleskare Olsen seier til Grannar at ingenting er avgjort og at dei ynskjer å forhandla vidare i saka fram til behandling i fylkesutval og fylkesting.

— Me tar utgangspunkt i fylkesrådmannen si tilråding der blant anna Etne vgs er føreslått overført til Ølen vgs i Rogaland. Kva Rogaland fylke gjer med drifta i Etne, er uavklart på dette tidspunktet, seier Lilleskare Olsen.

Powered by Labrador CMS