Det var nokre svoltne geiter som fekk høy frå Lydia Carnerø (4) under bondemarknaden. Foto: Grethe Hopland Ravn
Bøndene overtar sjoargata. Her Lydia Carnerø under fjorårets arrangement. Arkivfoto Grethe Hopland Ravn

Vindafjordbonden inviterer

Lydia Carnerø var blant dei nesten 500 besøkande under fjorårets bondemarknad. Nå er det klart for ny bondeprofil i Ølen.

Publisert Sist oppdatert

Vindafjordbonden inviterer laurdag til sitt andre haustarrangement i Sjoargata med slagordet Vil vekst».

— Dette er merkevarebygging, for å marknadsføra jordbruket, slik at folk skal få vita kva me står får, seier Andreas Lundegård, styreleiar i Vindafjordbonden AS. Tilbakemeldingane frå premieren i fjor var gode, og med bra vêr håpar Lundegård på opp mot tusen besøkande denne gongen, og kan lova husdyr, mat, aktivetar for store og små, show og demonstrasjon av nytt og gamalt utstyr – eller noko for alle.
Dette er først og fremst eit familieshow der arrangøren tar garden ut til folket og inn i Sjoargata. Det er gratis for alle under 18 år. Husdyr av alle slag, med unntak gris, vil bli å sjå, blant anna god, gamaldags sauekåring med ca. 150 lam i regi av Vindafjord sau og geit.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS