Området aust for Ølen er først ut. Samfunnsutviklar Erik Braust er svært glad for milliontilskotet til breiband.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Området aust for Ølen er først ut. Samfunnsutviklar Erik Braust er svært glad for milliontilskotet til breiband.

Får statlege millionar

Eit statleg milliontilskot kan opna for fortgang i breibandutbygginga i Vindafjord kommune. Men det trengst langt meir pengar for å fullfinansiera planane.

Publisert Sist oppdatert

Ein søknad til staten om tilskot til utbygging av breiband gav resultat i form av klingande mynt i breibandskassa i Vindafjord kommune. 4.103.000 kroner er gevinsten kommunen har hanka i land frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Til saman vart det søkt om 465 millionar kroner i støtte til utbygging i ulike område rundt om i landet der kommersiell utbygging ikkje er lønnsam, og det vart delt ut 126,5 millionar kroner fordelt på 15 fylke. Det er tredje året Nkom forvaltar og fordeler breibandsmidlar og i år fekk dei inn 102 søknader. Heile potten som vart tildelt Rogaland gjekk til Vindafjord. Det gav grunnlag for jubel. Etne kommune stod ikkje på lista over dei som fekk tilskot.

— Dette er jublande bra, seier samfunnsutviklar i Vindafjord kommune, Erik Baust og er glad for dei ekstra midlane som er øyremerka breiband.

Vindafjord manglar breibanddekning fleire stader i kommunen og har søkt om statlege midlar fleire gonger tidlegare utan resultat. I fjor vart det utarbeidd rapportar som viser kor behovet for breiband på stader der det ikkje er kommersielt lønsamt, er størst. Rapportane er utarbeidd av Fikse Næringsutvikling og Medvind Næringshage, og dei same aktørane har medverka til utforminga av søknaden.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS