Godt med arbeid på Raunes
Den 33 år gamle Maersk Oil-riggen har lagt til kai i Nedre Vats, men det er usikkert om den skal hoggast opp. Uavhengig av dette oppdraget har AF Offshore Decom godt med arbeid i eitt år framover.
Janice Floating Production Unit har hatt jobb eit stykke utanfor den skotske kysten, og Herald Scotland rapporterte at Janice var på veg til Vats i Noreg for å skrotast. Riggen har operert 170 sjømil søraust for Aberdeen sidan 1980-talet, og det skapte politiske reaksjonar i Skotland at oppdraget gjekk til ein aktør på den andre sida av Nordsjøen.
Skottane vil gjerne vere med på den industrielle boomen når 470 plattformer og 10.000 kilometer røyrleidningar med 40.000 betongblokker skal vekk frå Nordsjøen fram til 2050, ifølgje avisa.
Plattform på vent