Ein smak av Olalia
Når heile Olalia fjellstove skal gjenskapast i peparkakedeig trengst det mange bakarsvennar. For elevane i 6. klasse ved Ølen skule har kakebakinga blitt eit felles prosjekt.
Midt inne i Ølen senter står eit bord fylt med kreative versjonar av kjennemerke frå lokalmiljøet. Her har skulen i Ølen fått sin eigen smakfulle versjon med både hus og uteområde, og Olalia fjellstove er nøyaktig kopiert med lysløype og aktive skiløparar i løypa.
— Me har limt bilde av alle i klassen på hovudet til peparkakefigurane, fortel 11 år gamle Viljar Solheim Skålnes og viser ivrig fram fjellstova som han og dei andre klassekameratane i 6. klasse ved Ølen skule har laga.
— Me ville ha noko spesielt og derfor laga me Olalia. Det hadde ingen gjort før, seier han.