— Ikkje ta klubben
Budsjettforslaget frå rådmannen i Vindafjord truar ungdomsklubbane i kommunen. Dei unge fortvilar.
—Hadde det ikkje vore for Hippo så hadde me ikkje vore så gode venner i klassen. Det er her me blir kjende med kvarandre, på ein heilt anna måte enn på skulen, og det er her me blir betre venner. For oss har dette vore kjempeviktig for det sosiale livet vårt, fortel Anna Haslemo, Karoline Ohm og Veslemøy Frøyland. Dei tre er faste brukarar av ungdomsklubben i Skjold, og Veslemøy er i tillegg med i ungdomsstyret i klubben.
Pussa opp
Etter at klubben, som har fast tilhald i kjellaren på Skjold Arena nylege vart pussa opp, vart den endå meir populær. På dugnad vart det malt, rydda, pynta og stelt. Ungdomen svara med å ta betre vare på klubben sin.