Rådmannen i Vindafjord, Kristian Birkeland går at til sommaren.Arkiv: TORSTEIN NYMOEN
Rådmannen i Vindafjord, Kristian Birkeland går at til sommaren.Arkiv: TORSTEIN NYMOEN
Lensmann Ingvar Gjærde er kritisk til rådmannen sitt forslag om å kutte SLT-koordinatoren.FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Lensmann Ingvar Gjærde er kritisk til rådmannen sitt forslag om å kutte SLT-koordinatoren.

Kuttar i sosiale ordningar

Avvikling av Frivilligsentralen og SLT-koordinator er nokre av tiltaka rådmannen i Vindafjord vil setja inn for å redusera utgiftene dei neste åra.

Publisert Sist oppdatert

Vindafjord kommune går magrare tider i møte. Skatteinntektene er inne i ei negativ utviklingsperiode og dei statlege overføringane er redusert. Berre skatteinntektene aleine utgjer ei endring på 14 millionar frå 2016 i negativ retning.

— Me må ta inn over oss dei rammevilkåra me har for å driva kommunen. Nedgang i skatteinntekter og endra inntektssystem er våre hovudutfordringar. Bakgrunnen for forslaget er å skapa balanse i drift og i tillegg skapa handlingsrom, sa rådmann Kristian Birkeland då han la fram økonomiplanen for 2017 til 2020 som inneber forslag til samla kutt og omfordeling på 17 millionar over to år.

To av områda som vert råka av sparekniven er frivilligsentralen og lokale kriminal og rusførebyggjande tiltak i form av SLT-koordinator stillinga. Begge desse er føreslått nedlagt. Bortfall av frivilligsentralen vil gje ei direkte innsparing av på 260.000 kroner, og i tillegg kjem bortfall av statlege midlar på opp mot 500.000 som staten ikkje lenger bidreg med i støtte til kommunane.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS