Mange prosjekt har fått støtte av VAF-midlane i Vindafjord som er kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift for dei store bedriftene. Her tidlegare kulturminister Torhild Widvey (H) som opna nytt idrettslag i Skjold i Arkivfoto
Slutt for VAF-midlar
Det kan vere slutt for den statlege kompenasjonen for auka arbeidsgivaravgift som VAF har dryssa over bygdene i Vindafjord. Løftebrot, meiner styreleiar Øystein Matre.
— Politikarane spring frå løfta sine. Det var brei semje om ordninga med kompenasjon for auka arbeidsgivaravgift. Vi visste ingenting om dette, og det ser ikkje ut til å ha vore politisk debatt om det i det heile tatt, seier Øystein Matre, styreleiar i Vindafjord arbeidsgivarforum (VAF).
I 2015 betalte dei store bedriftene i Vindafjord 23 millionar kroner ekstra som følgje av at kommunen vart plassert i ei ny sone for differensiert arbeidsgivaravgift i 2005.
Men bedriftene vart kompensert ved at dei fekk tilbakeført midlar som skulle kome bedriftene og lokalsamfunnet til gode.