Arne Gunnar Habbestad med prisen for Årets namn 2015 i regi Grannar. Arkivfoto: Arne Frøkedal
Arne Gunnar Habbestad med prisen for Årets namn 2015 i regi Grannar.

Kom med forslag!

Kven fortener å bli Årets namn?

Publisert Sist oppdatert

Grannar inviterer lesarane til å koma med forslag til Årets namn 2016. I fjor var det eldsjela Arne Gunnar Habbestad (54) frå Ølensvåg som fekk prisen, eit kunstverk og diplom, etter å ha blitt røysta fram av lesarane. Kåringa har som mål å trekkja fram personar – busette i Vindafjord eller Etne kommune – som har markert seg i året som snart er omme. Det kan til dømes vera nokon som har gjort ein stor innsats for bygda, ein trufast slitar innan lag- og organisasjonslivet, eller som har vist eit brannande engasjement for ei enkeltsak. Aktuelle kandidatar er også gode ambassadørar for dei to Grannar-kommunane. Personar som har vore nominerte dei siste åra, er uaktuelle som kandidatar denne gongen.

Frist til å koma med forslag på Årets namn 2016 er 18. desember. Ein jury i lokalavisa trekkjer ut seks kandidatar som lesarane kan stemma på like over nyttår.

Send forslag med ei god grunngjeving på e-post til redaksjon@grannar.no, SMS eller ring til tlf. 975 70 789.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS