Morten Østenstad har fått ein ganske annleis kvardag etter at han mista jobben i Nordsjøen. No er han dagleg leiar i MX Sport i Ølen, og stortrivest. Kunde Svanhild Djuve frå Ølen vurderer å kjøpa jakke, og Østenstad viser fram. foto: grethe hopland ravn
Morten Østenstad har fått ein ganske annleis kvardag etter at han mista jobben i Nordsjøen. No er han dagleg leiar i MX Sport i Ølen, og stortrivest. Kunde Svanhild Djuve frå Ølen vurderer å kjøpa jakke, og Østenstad viser fram.
Når han først måtte slutta i jobben han hadde i Nordsjøen, bestemte Morten Østenstad seg for at tida var moden for ein landbasert jobb. Det har han ikkje angra på.
Morten Østenstad jaktar spelarar som vil spela fotball i 7. divisjon.Arkivfoto

Frå Nordsjøen til butikk

Morten Østenstad (30) hadde jobb som petroleumsteknikar i Nordsjøen i ti år, men i haust sa han farvel til havet. No er han blitt landkrabbe og dagleg leirar i sportsbutikken MX i Ølen.

Publisert Sist oppdatert

Østenstad var ikkje meir enn knappe 20 år då han fekk jobb i Nordsjøen, med ein turnus som passa perfekt for studiar ved sida av jobben. To veker ute i havet og fire veker heime var praksisen. I dei periodane han var på land, brukte han tida på å utdanna seg som petroleumsteknikar, og ute på havet har han stort sett jobba med sjølve leitinga etter olja.

Det var ein attraktiv ballast å ha med seg, men så kom nedgangstidene. Morten Østenstad, som kjem frå Ølen, var ein av mange som mista jobben. Då har det seg ofte slikt at når ei dør blir lukka, opnar det seg ei anna dør.

— Eg har alltid likt meg godt i Nordsjøen, men etter at eg blei far i 2012 har eg hatt lyst til å få meg jobb på land. Og då eg fekk tilbodet om jobben som dagleg leiar i MX Sport, takka eg ja til dette, seier 30-åringen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS