Her enda slambilen då den mista veggrepet i Åsheimvegen i Skånevik.
FOTO: ASTRID ASKELAND JOHNSEN
— Lastebilen kom som ein kjelke
Augevitne sette kaffien i halsen då slambil mista veg-grepet i Skånevik.
(Saka er oppdatert)
— Lastebilen kom som ein kjelke og berre akselererte nedover bakken, fortel Astrid Askeland Johnsen til Grannar.
Ho sat og drakk morgonkaffien i lag med mannen i 10-tida måndag og vart augevitne til dramatikken som oppstod ute på Åsheimvegen ovanfor Skånevik kyrkje.