Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Stipendiat Kristian Heggebø ved NOA på Høgskolen i Oslo og Akershus.Arkivfoto: Arne Frøkedal
Stipendiat Kristian Heggebø ved NOA på Høgskolen i Oslo og Akershus.

Ølensbu i forskingsprosjekt

Publisert Sist oppdatert

Kristian Heggebø kan sjå tilbake på 2016 som eit særs lærerikt år. Han har vore ein del av eit stort og viktig forskingsprosjekt og har samarbeidd med dyktige folk innen sitt fagfelt. I desember forsvarte han doktorgraden i emnet helseforskjellar, økonomisk krise og velferdsstatens funksjon, med særleg fokus på samanhengen mellom arbeidsløyse og helse. I tre år har sosiologen jobba hardt og fått publisert heile ti vitskaplege artiklar i kjente publikasjonar, slik som European Societies, Social Science and Medicine og International Journal for Equity in Health.

– Det har vore veldig moro, rett og slett. Det å få vera ein del av eit så viktig prosjekt og jobba med kjempeflinke folk, som prosjektleiar professor Espen Dahl og to flinke rettleiarar Jon Ivar Elstad og Gunn Elisabeth Birkelund. Det er det som har vore mest givande for meg personleg, seier ølensbuen.

– Frynsegodene ved det har eg benytta meg av, og det har absolutt vore ei lærerik utfordring fagleg og personleg. Det er eit veldig resultatbasert yrke. Så lenge du klarer å publisera forskninga, er arbeidskvardagen veldig fri, fortel han.

Powered by Labrador CMS