Vil ikkje kommentere
Helse Fonna vil ikkje kommentere om dei har sett på interne rutinar ved AMK-sentralen etter at ein hjartepasient i Etne kommune døydde.
Grannar har spurd Helse Fonna om dei er einige i Fylkesmannen sin konklusjon om at det var uklar kommunikasjon mellom AMK og vaktlegen som ikkje rykka ut då han fekk melding hjartestans hos ein mann i Etne kommune i januar 2015. Me spurde helseføretaket også om hendinga har ført til endringar av rutinar ved AMK-sentralen i Haugesund. Helse Fonna fekk spørsmåla tilsendt skriftleg, etter eiga ønskje tysdag.
Dagen etter svarar kommunikasjonsrådgivar Stina Steingildra dette i ein e-post til Grannar:
— Me ønskjer ikkje å svare på ei sak som er under handsaming.