19-17 Faktura

Utsett for svindel

Har du motteke fakturaer frå Hatteland Holding AS? Då bør du vere på vakt.

Ifølgje ei twitter-melding frå Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund skal kundar og personar ha mottatt forfalska fakturaer, med kidnummer, som kan sjå ut som dei kjem frå verksemda som har base i Vats i Vindafjord. Det gjer dei ikkje.

— Likar det ikkje

Konsernsjef Stig Hatteland i Hatteland Gruppen synest lite om at verksemda sitt namn blir trekt inn i svindelforsøk.

— Dette er folk som søkjer lykka, tek eit namn og håpar nokon betalar. Det håpar me at dei som får ein slik e-post, som det er snakk om i dette tilfellet, ikkje gjer, seier Hatteland til Grannar.

Han fortel at det er snakk om e-postar som er sendt ut berre med namn, konto- og kid-nummer, men ikkje noko logo. Hatteland Holding AS er elles eit eigarselskap i Hatteland Gruppen, som ikkje sender ut fakturaer, presiserer Hatteland.

100.000 spam-angep dagleg

Hatteland-verksemda driv mellom anna med med it-tryggleik sjølv og Stig Hatteland opplyser at dei dagleg stoppar om lag 100.000 liknande svindel-e-poster, spam om du vil, i sine system.

Hatteland, som er i godt selskap med mange andre verksemder som blir utsette for liknande svindelforsøk, har meld saka til politiet.

— Prinsipielt er dette økonomisk kriminalitet. Det er uærlege folk som står bak, og difor anmelder me slikt, seier han.

— Trur du politiet vil lukkast med å spore kven som står bak?

— Om vilja er der, så er er emna der, men det er nok ikkje lett. Eg har forståing for at det kan vere ei utfordring, seier Hatteland.

Også Fatland er omfatta av svindelforsøket, og lensmann Ingvar Gjærde ber folk vera forsiktige med å godkjenna fakturaer frå ei to bedriftene.