Inviterer til mosjon, løp og opnigsfest for den nye turstien over Fikse. F.v. Jarle Gjerde, Etne IL, Solvor Flatebø Grønstad, Etne turlag, Torleif Heggebø, Over Fikse-leiar, Arne Gunnar Habbestad, Vindafjord Turlag og Morten Helland, Ølen IL.
Foto: Arne Frøkedal
Inviterer til folkefest
Den gamle postvegen mellom dei to bygdene på kvar side av Fikse, er gjenopna gjennom eit samarbeid som har involvert fleire partar, spesielt turlaga i Etne og Vindafjord. Den nye vegen er blitt ein suksess lenge før formell opning, og nå skal anlegget feirast med eit stort arrangement laurdag 29. april.
— Me håpar og trur at mange vil bli med på opplegget, enten på stafetten eller å rusla i eige tempo, eller i løpskonkurransen. Dette er eit flott anlegg som me vil ha blest om, og tanken er at Over Fikse skal bli eit årleg arrangement, seier Torleif Heggebø i arrangørkomiteen.
Gamal ferdselsåre