Skakke SA føreslår at overskot frå salet av Tesdal-garden kan gå til å redde drifta ved kulturhuset Skakke i Etne.FOTO: Espen Mills/etnefoto.no
Skakke SA føreslår at overskot frå salet av Tesdal-garden kan gå til å redde drifta ved kulturhuset Skakke i Etne.
Eigedomsmeklar Vidar Opheim.
Eigedomsmeklar Vidar Opheim.

Kan bli prisrekord

Jordbruksskulegarden på Tesdal blir snart lagt ut for sal. Det er forventa mange interesserte, ein tøff bodrunde og ein høg pris for ein av dei største gardane i regionen.

Publisert Sist oppdatert

Mjølkekvote, fjellbeite og jaktrett blir med på kjøpet når den rundt 1.300 dekar store eigedommen går under hammaren denne våren. Garden var lenge eigd av Hordaland fylkeskommune som ein del av den offentlege jordbruksskulen. I 1993 blei mesteparten av eigedomen overført til Stiftelsen Vestnorsk Senter For Bygdeutvikling (VSBU), som nå er seljar.

Styreleiar Leif Grindheim i stiftinga seier at dei har konkludert med at sal er det beste med tanke på å få utnytta ressursane på garden best mogeleg.

— Sjølv om me har gjort ein del arbeid med eigedommen, blant anna med å pussa opp bustaden, er det behov for meir investeringar framover, og vår konklusjon er at potensialet blir best ivaretatt med nye eigarar, fastslår Grindheim.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS