KV Svalbard» i tøffe forhold. Det er denne type skip Westcon har konkurrert om å bygga.
Konkurrerer om milliardjobb
Forsvarsmateriell som handterer gigantprosjektet på vegner av Forsvaret, stadfester at Westcon i Ølensvåg, Kleven Maritime AS i Ulsteinsvik og Vard Group AS i Tomrefjord har levert tilbod på bygging av dei nye kystvaktfartøya, begge dei to siste på Møre og Romsdal.
— Me kan ikkje kommentera detaljar i tilboda på grunn av konkurranseomsynet. Forsvarsmateriell vil nå starta evaluering og forhandlingar før innkjøpet skal opp til behandling i Stortinget, der dette er planlagt gjennomført våren 2018, uttaler informasjonsrådgjevar Simen B. Rudi i Forsvarsmateriell til Grannar.
Frå seks til tre